Allmenninger – LR Mathisen hjelper kommunar, verksemder og lokalsamfunn med naturrestaurering, klimatilpassing og formidling – bygd på over 20 års erfaring frå offentleg forvaltning av natur og miljø.
Sjå tenestene Ta kontaktForslag til pakkar, tilpassa kommunar, verksemder og samarbeidsprosjekt – dette kan diskuterast nærare om det skulle vere ønske om det.
Praktiske planar som reduserer brannfare i utmark og restaurerer trua naturtypar som kystlynghei.
Formidling, dialogverkstader og fasilitering som gjer klimatilpassing konkret og forankra lokalt.
Praktiske læringsopplegg som knyt matproduksjon, naturmangfald og berekraft saman for skular og lokalsamfunn.
Lene Røkke Mathisen, MSc Water Resources and Coastal Management (UiB), BSc Environmental Science (University of Leeds).
Vibrandsøy, Noreg. ENK, starta i 2025.
20 år som rådgjevar og koordinator i kommunal og statleg forvaltning av klima og miljø, mellom anna Haugesund kommune, Kystverket og Landbruksdirektoratet.
Eg heiter Lene Røkke Mathisen, og eg bur på Vibrandsøy, med havet, sauene og lyngheia som næraste naboar. Det pregar korleis eg jobbar: eg brenn for prosjekt som veks ut av lokale forhold, der folk kjenner staden og naturen godt, og der menneske og natur får spele på lag i staden for å stå mot kvarandre.
Eg er utdanna miljøvitar, med ein mastergrad i Water Resources and Coastal Management frå UiB og ein bachelor i Environmental Science frå University of Leeds. Dei siste 20 åra har eg vore rådgjevar og koordinator innan klima- og miljørelaterte problemstillingar, med prosjektleiing på fleire store og mindre oppdrag innan kartlegging, analyse og fysiske tiltak.
Eg har god erfaring med formidlingsoppdrag retta mot ulike målgrupper og arrangementsleiing. I 2025 starta eg Allmenninger for å jobbe meir målretta med prosjekt innan berekraftig omstilling – gjennom formidling, fasilitering av dialogverkstader/kurs og rådgjeving innan klimaomstilling på lokalt nivå.
Tidlegare har eg mellom anna jobba som miljøvernrådgjevar og landbruksansvarleg i Haugesund kommune, seniorrådgjevar for plan og forvaltning i Kystverket Vest, rådgjevar i Landbruksdirektoratet, og rådgjevar i Forsvarsbygg Futura.
Eit utval av prosjekt og oppdrag dei siste åra.
Studie på oppdrag frå KS om kva som driv vellykka samskaping mellom kommunal sektor og forskingsaktørar i utvikling av større tverrsektorielle forskingssøknader.
Prosjektkoordinator – samordning mellom kommunale etatar, Statsforvaltar og private grunneigarar/bønder rundt finansiering og gjennomføring av skjøtsel.
Kommunal representant og medarrangør. Ansvarleg for lokale, praktiske oppgåver, samt eigen dag om lyngheiskjøtsel og klimatilpassing ved Ryvarden fyr.
Prosjektansvarleg – kartlegging, restaurering og habitatforbetring i sjøaure-vassdrag i Haugesund.
Glimt frå utmark, kystlandskap og feltarbeid rundt Vibrandsøy og Haugesund.
Ta kontakt for ein uforpliktande prat om skjøtsel, klimatilpassing eller formidlingsoppdrag.